Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Offentleg postjournal

Vi ønskjer å gi god service til media og andre som ønskjer innsyn hos oss.

Dersom du ø​nskjer innsyn i dokument, kan du:

​Førespurnaden må gjelde saksdokument i ei eller fleire konkrete saker. ​Dokumentet vil bli sendt ut per post ​eller e-post.

Gjeldande postliste 

1.-5. januar 2026

Tidlegare postlister 

Slik fungerer postlista

Den offentlege journalen blir publisert per månad. Ved kvar publisering blir også tidlegare månader oppdaterte. Årsaka er at journalen kan innehalde informasjon som i ein periode har vore halde unna offentleg innsyn, og som først kan publiserast i ettertid.

Når denne informasjonen blir offentleg, må også tidlegare journalføringar oppdaterast slik at innhaldet speglar korrekt og fullstendig offentleg tilgjengeleg informasjon.

Dette inneber at kvar publisering både gjeld nye oppføringar og ein oppdatert versjon av tidlegare journalar. Tidlegare versjonar vil framleis vere tilgjengelege som historikk.

Meir om innsyn i dokument

Som hovudregel skal saksdokument i den offentlege forvaltninga vere opne for innsyn. Dersom du får avslag på innsyn, skal det alltid visast til paragrafen i offentleglova som gir grunnlag for å sjå bort frå dokumentet eller opplysningar i dokumentet frå innsyn.

Reglar for innsyn finn du i offentleglova.​

Maŋemus ođastuvvon 2026-01-20