logo Sykehusinnkjøp

Anbod på blåreseptmedisinar gir fleire tilgang på kolesterollegemiddel

Torsdag 11. november arrangerte Sjukehusinnkjøp HF seminar om PCSK9-hemmere etter første anbodskonkurranse på legemiddel på blåresept.

Publisert 25.11.2022
Sist oppdatert 24.01.2023

I 2021 føreslo regjer​inga​ å gjennomføre ein pilotanskaffing for å finne ut korleis anbod på legemiddel under folketrygda kan organiserast. Dette pilotprosjektet har nå Sykehusinnkjøp HFs divisjon legemiddel gjennomført i samarbeid Statens legemiddelverk og Helsedirektoratet.

Legemidla det er inngått avtalar på er såkalla PCSK9-hemjarar, som blir brukt til behandling av høgt kolesterol. Dette er eit område kor det finnast legemiddel som blir rekna som terapeutisk likeverdige, og som dimed kan bli sett ut på anbod fordi den terapeutiske effekten vil vere god same kva produkt som blir rangert først i ein anbodsprosess.

Korleis gjekk det?​​​

Torsdag 11. november haldt Sykehusinnkjøp HF anbodsseminar kor det blei informert om resultata av konkurransen. Legemiddelet Praluent blei rangert først, og lågare prisar betyr at fleire nye pasientar vil få tilgang til medikamentet.

– For PCSK9-hemjarar har vi hatt pasientgrupper som kan få god effekt av behandling, men som ikkje har fått legemidla dekka på grunn av budsjettavgrensingar. No blir prisen på PCSK9-hemjarar lågare, og det gjer at også disse pasientane vil få tilgang på dei, seier medisinsk rå​dgivar frå Nye Metodar i Sykehusinnkjøp, Sara Reinvik Ulimoen.

– Vi vil at flest mogleg skal få tilgang til gode og effektive legemiddel som oppfyller prioriteringskriteria. Eg er difor svært glad for at denne piloten bidrar til at pasientar som ikkje har tilgang til legemidla i dag, kan få det, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkhol i ein pressemelding​.

Nøgd med r​​​esultata

Per Ivar Rivenæs i Sykehusinnkjøp HF har vore prosjektleiar for anskaffinga av PCSK9-hemjarar.

– Vi har prøvd å gjere anskaffinga så likt som mogleg slik vi pleier for spesialisthelsetenesta. Den største forskjellen er at vi har samarbeidd med fleire aktørar, og det har vore interessant og lærerikt. Vi må seie oss nøgd med resultata av denne anskaffinga, seier han.

Dei nye kontraktane på PCSK9-hemjarar trer i kraft 1. januar 2023. Om fleire legemiddel på blåresept skal på anbod seinare blir en vurdering for Stortinget. Først skal pilotprosjektet for PCSK9-hemjarar bli evaluert av Legemiddelverket.​​

Ein konferansesal med ein presentasjon på storskjerm om rammer for anbudskonkurransen. Ei dame presenterer.

Medisinsk rådgivar i Nye Metoder i Sjukehusinnkjøp HF Sara Reinvik Ulimoen informerar om resultata av anbodskonkurransen.​