Offentleg postjournal
Vi ønskjer å gi god service til media og andre som ønskjer innsyn hos oss. Grunna tekniske utfordringar er det forseinking i publiseringa av postjournalar. Ta kontakt med oss på e-post for å få innsyn i journalar.
Dersom du ønskjer innsyn i dokument, kan du:
-
Sende ein e-post til post@sykehusinnkjop.no
-
Ringje 78 95 07 00
Førespurnaden må gjelde saksdokument i ei eller fleire konkrete saker. Dokumentet vil bli sendt ut per post eller e-post.
Meir om innsyn i dokument
Som hovudregel skal saksdokument i den offentlege forvaltninga vere opne for innsyn. Dersom du får avslag på innsyn, skal det alltid visast til paragrafen i offentleglova som gir grunnlag for å sjå bort frå dokumentet eller opplysningar i dokumentet frå innsyn.
Sist oppdatert 24.01.2023