Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusinnkjøp

Nordiske land styrkjer felles forhandlingar

Innkjøpsorganisasjonane bak Nordisk legemiddelforum har no godkjent felles retningslinjer og kriterium for felles prisforhandlingar på nye legemiddel. Målet er gunstigare og meir berekraftige prisar. Og at medisinane kjem raskare til pasientane.

Publisert 13.06.2023
Sist oppdatert 14.12.2023
Et nærbilde av en spillkontroller

Me har gjort det før. Og me vil gjera det igjen. Felles nordiske forhandlingar har komme for å bli.

Derfor har innkjøpsorganisasjonane på Island, Noreg, Sverige og Danmark vorte samde om retningslinjer og kriterium for felles prisforhandlingar på nye legemiddel.

Dei nye prinsippa byggjer på erfaringane som landa har gjort seg frå dei fellesnordiske forhandlingane som allereie har funne stad.

– I den fellesnordiske strategien som me lanserte våren 2023, har me ein ambisjon om å styrkja fellesforhandlingane om nye medisinar. Derfor er det eit heilt naturleg neste steg me no tek ved å utvikla felles retningslinjer for dei framtidige forhandlingane våre. Det sender eit tydeleg signal til fordel for partnarane våre, seier Flemming Sonne, administrerande direktør i Amgros.

Dei fire landa har allereie gjennomført felles prisforhandlingar på genterapiane Zynteglo og Libmeldy. Desse erfaringane viser at det er klare fordelar med felles forhandlingar.

– Felles forhandlingar mellom landa skaper ein større marknad. Dette kan gjera det meir attraktivt for leverandørane våre, då det kan auka moglegheita for å introdusera nye medisinar til ein kombinert nordisk marknad på ein gong. Som borgarar i små land er felles forhandlingar derfor ein klar fordel for både Island, Danmark, Sverige og Noreg, seier Hulda Harðardóttir, project manager for Pharmaceutical Procurement Department Landspítali, The National University Hospital of Iceland.

Same utfordringar for landa

Utfordringane med nye medisinar er dei same i alle dei nordiske landa. Dei er ofte knytte til høge kostnader og avgrensa bevis. Landa har derfor alle eit ønske om å kunna forhandla fram meir gunstige og berekraftige prisar som gjer det mogleg å sikra pasientar tilgang til nye medisinar til rett tid.

Portrettfoto av person
Direktør for divisjon legemiddel i Sjukehusinnkjøp, Tommy Juhl Nielsen.

– Her kan me med dei felles forhandlingane våre bidra til å støtta dei nasjonale avgjerdstakarane som er med på å avgjera om landa skal ta i bruk nye medisinar. Eg trur at dette på sikt vil ha ein stor innverknad på prioriteringa av dei mange nye medisinane som stadig kjem på marknaden, seier Tommy Juhl Nielsen, direktør for divisjon legemiddel i Sjukehusinnkjøp.

Leverandørane får éin kontaktperson

Sjølv om fellesforhandlingane går føre seg med innkjøpsorganisasjonar i fire ulike land, har landa prøvd å organisera prinsippa så enkelt som mogleg. Slik at leverandørane ikkje opplever byråkratiske vanskar.

Leverandøren vil ha éin kontaktperson som representerer alle landa som måtte delta i ei forhandling. Og resultatet av forhandlingane blir det same i alle land. Men framfor alt vil dei felles retningslinjene gjera kriteria for forhandlingane meir oversiktlege.

– Me synest dette er ein veldig viktig fordel. Leverandørane har krav på å vita kriteria for dei felles forhandlingane våre. Det vil støtta verksemda deira. Og sjølv om eg allereie synest at me har eit veldig godt forhold til leverandørane våre, kan tydelegare retningslinjer styrkja tilliten til arbeidet som går føre seg i innkjøpsorganisasjonane i landa, seier NT-rådsleiar Gerd Lärfars.