Samarbeidsavtalar med dei regionale helseføretaka signert
Avtalane definerer blant anna strategi for føretaket og samhandling mellom Sjukehusinnkjøp HF og helseregionane.
Sjukehusinnkjøp HF signerte oktober 2023- dei siste samarbeidsavtalane med dei fire helseregionane som eiger verksemda. Avtalane definerer kva slags tenester Sjukehusinnkjøp HF skal bidra med, og korleis dei skal leverast til helseregionane.
Eit felles årshjul straumlinjeformer korleis partane arbeider med planlegging av anskaffingar.
Definert strategi
Om strategien til Sjukehusinnkjøp HF seier avtalene at verksemda gjennom tett samarbeid med helseføretaka skal leggje til rette for
- Auka økonomisk handlingsrom
- God leveranseevne og god forsyningssikkerheit
- Auka moglegheit for å utvikle meir framtidsretta helsetenester
Dei fastsett og at Sjukehusinnkjøp HF skal vere kategori- og prosessbasert, og ha ein risikobasert tilnærming til arbeidet sitt.
Avklart samhandling
Dei nye samarbeidsavtalene dekkjer og samhandling mellom partane.
Det skal jamleg haldast dialogmøte mellom Sjukehusinnkjøp HF og dei regionale helseføretaka, og i eit årleg kundemøte vil leiinga i dei regionale helseføretaka drøfte aktuelle forhold rundt tenestene som leverast.
Operativt, ved gjennomføring av anskaffingar og forvalting av avtalar, skal Sjukehusinnkjøp HF samhandle med helseføretaka i tråd med avtalte prosesser og gjeldande styringsmodell for anskaffingane.
Omfattande arbeid
Avtalene som no er signert med Helse Sør-Øst, Helse Vest, Helse Midt-Norge og Helse Nord har same ordlyd, men og enkelte særlege tilpassingar for regionane.
Administrerande direktør i Sjukehusinnkjøp HF, Bente Hayes, fortel at arbeidet med samarbeidsavtalane blei starta i 2019. Pandemi og tilleggsoppdrag som har måtte prioriterast har derimot gjort at det har teke tid å sluttføre det.
– Samarbeidsavtalane markerer eit vegskilje for Sjukehusinnkjøp HF, seier ho. Dei gjer oss klare rammar for verksemda vår, og betre føresetnad for å planleggje for framtida. Avtalene er godt forankra inn i regionane og helseføretaka, og det er gjort eit formidabelt arbeid for å få dei på plass. Prosessen har vore eit skikkeleg langløp, og eg er veldig glad for at me no er komme i mål.
Implementering av samarbeidsavtalane har allereie starta.
Dokument
Du kan lesa samarbeidsavtalane her: