Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusinnkjøp

Stort løft for MTU-anskaffingar i Sør-aust

Alle anskaffingar av medisinsk-teknisk utstyr (MTU) til helseføretaka i Helse Sør-Aust skal framover gå gjennom Sjukehusinnkjøp, og MTU-tenestene til helseføretaka skal bli betre.

Publisert 17.04.2023
Sist oppdatert 14.12.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Delar av prosjektteamet. Frå venstre: Henning Bjørneng Sagen, Aasmund Kallåk og Anne Cecilie Sæther frå Sjukehusinnkjøp. Vidare: Mathias Prag, Frode Larsen, Erik Valen Abrahamsen frå Sjukehuspartnar. Foto: Ilone Rønbeck

​I Helse Sør-Aust blir det investert i MTU for om lag ein milliard kroner årleg, men anskaffingane rundt MTU skjer både fragmentert og i mange tilfelle av helseføretaka sjølv. I tillegg blir Sjukehuspartnar seint involvert i prosessen - utan å kunna stilla IKT-krav. Det medfører mellom anna dyrare avtalar, auka teknisk gjeld og at nytt utstyr er krevjande å ta i bruk eller står lenge uverksamt.

Derfor har Helse Sør-Aust RHF, Sjukehuspartnar og Sjukehusinnkjøp no etablert eit prosjekt for å sikra gevinstar og betre kvalitet i anskaffingane, melder Helse Sør-Aust. Oppgåva er å designa ei ny teneste tilpassa MTU-anskaffingar og -leveransar. I tillegg vil alle anskaffingar på MTU gå gjennom Sjukehusinnkjøp framover. Dette gjeld for alle føretak unnateke OUS og Sjukehuset Innlandet HF, som vil komma på seinare.

Tida skal ned

– Ei heilt klar målsetjing er at tida på gjennomføring av MTU-anskaffingane skal ned. Me skal identifisera tidstjuvane. Me har også fått tilført ekstra ressursar og skal laga ein ny, god prosess, seier leier anskaffingar Henning Bjørneng Sagen i divisjon sør-aust i Sjukehusinnkjøp.

I anskaffingsfasen inneber dette mellom anna at Sjukehuspartnar kjem tidlegare på i prosessen. Det gir betre støtte for helseføretaka og tydelegare krav til leverandørane.  

– For oss i avdelinga er nok den største endringa at me får eit team som jobbar på tvers i heile regionen. Til no har alle jobba mot kvart sitt HF. I tillegg så får dette teamet tilgang til ressursar i Sjukehuspartnar, seier Bjørneng Sagen, som også vil bli teamleiar for eit nytt leveranseteam for MTU i Sjukehusinnkjøp.

Etterlengta

Leiar for Medisinsk Teknologisk IKT i Sjukehuspartnar Thomas Sjøberg seier arbeidet som no blir sett i gang, vil forbetra heile verdikjeda av korleis me skaffar, implementerer og sikrar at MTU blir teken i bruk raskt.

– Me opplever at dette er eit etterlengta løft kvar alle partar; RHF, Sjukehusinnkjøp, helseføretak og Sjukehuspartnar, er engasjert og framoverlente, med ei tydeleg målsetjing om gevinstane me kan få ut av dette i fellesskap. Me ser verkeleg fram til å komma endå meir i gang med dette arbeidet, seier Sjøberg.