logo Sykehusinnkjøp

Styrka samarbeid om berekraft

De nordiske landene har besluttet å forsterke samarbeidet om bærekraft i offentlige anskaffelser til helsesektoren.

Publisert 12.06.2023
Sist oppdatert 14.12.2023
En gruppe flagg
Bilete: Hans Jørn Storgaard Andersen

Norden utgjer den ellevte største økonomien i verda, og mange leverandørar tilbyr produkt og tenester til landa i området. Dei nordiske landa har derfor signert ein intensjonsavtale om tettare samarbeid om berekraft i anskaffingar til den offentlege helsesektoren.

Bakgrunnen for avtalen er skjerpa krav og forventningar til innkjøpsorganisasjonar. Heile livssyklusen for medisinske produkt har negative effektar på menneske, samfunn og miljø. Desse må identifiserast og minimerast i større grad enn før.

Formålet og omfanget av samarbeidet har vorte fastsett, og neste steg er å bestemma kva aktivitetar som skal prioriterast i inneverande år. 

Arbeidsgruppa består av representantar frå:

Helsingfors Universitetssjukehus (HUS), Finland
Danske regionar
Landspítali, Island
Svenske regionar, representert av samarbeidet Hållbar Uphandling
Sjukehusinnkjøp HF, Noreg 

Finland, Sverige og Noreg har allereie eit etablert samarbeid, og no blir også formalisert samarbeidet med Island og Danmark. 

Nordisk samarbeid er eit viktig tilskot til det nasjonale arbeidet med kompetansebygging og utarbeiding og oppfølging av krava som blir stilte til leverandørar innanfor miljø.

– Me ønskjer å stilla felles krav både til miljø og etisk handel i anskaffingane våre, seier Bente Hayes, administrerande direktør i Sjukehusinnkjøp HF. Dette vil gjera det lettare for leverandørar å utvikla seg, og drive marknaden i ei meir berekraftig retning.

– Gjennom vår sameinte innkjøpsmakt skaper me etterspurnad etter berekraftige produkt og tenester. Det gir forretningsmoglegheiter for selskapa som ønskjer å vera ein del av det grøne skiftet. Derfor er det veldig positivt at alle dei nordiske landa har bestemt seg for å samarbeida tettare, seier avdelingsleiar for samfunnsansvar i Sjukehusinnkjøp HF, Grete Teigset Solli.

Dokument

Du kan lesa den underteikna avtalen her.

Kontaktpersonar

Danmark: Thilde Bach Hansen, thilde.bach.hansen@rsyd.dk
Finland: Timo Martelius, timo.martelius@hus.fi
Island: Hulda Steingrímsdóttir, huldast@landspitali.is
Noreg: Grete Teigset Solli, grete.teigset.solli@sykehusinnkjop.no
Sverige: Pauline Göthberg, pauline.gotberg@regionstockholm.se