På denne sida finn du meir informasjon om Sjukehusinnkjøp HFs beredskap i samband med covid-19-viruset. Sjukehusinnkjøp HF er frå 26. mai sett i grøn beredskap.
Sjukehusinnkjøp HF skal hjelpa heile det norske helsevesenet i arbeidet med anskaffingar av personleg smittevernutstyr til helseføretak og den kommunale helse- og omsorgstenesta. I tillegg gjeld det legemiddel.
Dette er gitt som eit særskilt oppdrag til Sjukehusinnkjøp HF, i tillegg til det ordinære ansvaret i føretaket.
Dette er ein del av den nasjonale helseberedskapen, og skal bidra til at også den kommunale helse- og omsorgstenesta får forsyningar i den ekstraordinære situasjonen landet står ovanfor.
I denne ekstraordinære situasjonen har Helse Sør-Aust RHF delegert fullmakt til å stå som formell avtalepart på alle avtalane som blir inngåtte på nemnde område.
Sjukehusinnkjøp har fått mange førespurnader frå leverandørar som tilbyr ulike produkt i samband med covid-19-utbrotet. Me takkar for alle som engasjert seg, og levert tilbod om produkt.
No blir anskaffingar hovudsakleg gjennomførte gjennom ordinære kanalar, og leverandørar blir bedne følgje med i Doffin for utlysingar.
Mange vender seg til Sjukehusinnkjøp HF om situasjonen, både frå leverandørsida og frå helsetenesta. Her finn du svar på dei oftast stilte spørsmåla.
Folkehelseinstituttet (FHI) og helsenoreg.no har laga informasjonssider med fakta og råd om koronaviruset. Her ligg det også råd og rutinar som skal følgjast av helsetenesta ved mistanke om utbrot.
Beredskapsleiing blir etablert, enkeltfunksjonar kan forsterkast.
Gul beredskap
Avgrensa mobilisering av ekstra ressursar.
Raud beredskap
Mobilisering av store ressursar og omlegging av drift.
Mange kontaktar oss no og me ber om forståing for at me ikkje har kapasitet til å svara på alle førespurnadene frå media fortløpande.
Helsetenesta har behov for å koordinera informasjonen som blir gitt. Me ber derfor om at alle presseførespurnader relaterte til Covid19-utbrotet blir retta til Helse sør-aust RHF.