Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Velkommen til webinar om Ivalua for leverandørar

I samarbeid med leverandøren vår KPMG, inviterer vi til webinar om bruk av det nye innkjøpsverktøyet vårt Ivalua, retta mot leverandørar.

11.
desember
2026
  1. 11. des. 2026, 10:00 - 11:00
Følg webinaret her

Tid og sted

Når
  1. 11. des. 2026, 10:00 - 11:00
Følg webinaret her
Webinar deltagerlenke

I vår tok Sjukehusinnkjøp HF i bruk Ivalua som det nye innkjøpssystemet vårt. Dette systemet har vore nytt, både for oss og dykk som leverandørar. Derfor planlegg vi no eit nytt webinar, der målet eit å hjelpe leverandørar i gang i Ivalua. 

Dersom firmaet ditt planlegg å levere eit tilbod i nokre av konkurransane våre, vil dette vere ei moglegheit å bli betre kjent med innkjøpssystemet. Det vil også vere mogleg å sende inn skriftlege spørsmål under møtet.

I webinaret gir  vi ei oppdatering på arbeidet som er gjennomført det siste halvåret, ny og forbetra funksjonalitet på leverandørsida og korleis digitale krav påverkar tilbodsleveringa. Det blir også informasjon om tilgjengeleg rettleiing og ein gjennomgang av ofte stilte spørsmål.

 Agenda

  • Velkommen og introduksjon
  • Status og erfaringar frå dei siste seks månadene
  • Ny og forbetra funksjonalitet på leverandørsida
  • Informasjon frå DFØ
  • Ofte stilte spørsmål
  • Oppsummering og spørsmål