Endå tettare nordisk samarbeid om legemiddelinnkjøp
Dei nordiske landa styrkjer samarbeidet om legemiddelinnkjøp for å sikre stabil tilgang og forsyning. Eit sentralt punkt er antibiotika og innsatsen mot antibiotikaresistens.

Foto: Line Resting Hald Andersen
Dei nordiske helseministrane har underskrive ein utvida avtale om felles legemiddelinnkjøp i Norden. Avtalen av 3. november 2026 opnar for at finske og svenske regionar kan delta i innkjøpssamarbeidet som allereie eksisterer mellom Danmark, Island og Noreg.
Gjennom fleire år har Sjukehusinnkjøp bidrege til å utvikle eit nordisk samarbeid om anskaffing av legemiddel. Fram til no har samarbeidd bestått av Noreg, Island og Danmark, men med den nye avtalen kan også svenske og finske regionar slutte seg til.
Dermed tek dei nordiske landa eit nytt steg for å styrkje tilgangen på kritiske legemiddel og sikre meir trygge og føreseielege leveransar til helsevesenet.
Sterkare saman i ein krevjande marknad
Den nye avtalen mellom alle dei nordiske landa skal leggje til rette for auka samarbeid om forhandlingar, anskaffingar og forsyning av utvalde legemiddel.
Målet er å sikre befolkninga tilgang til rette legemiddel til rett tid, samtidig som forsyningstryggleiken blir styrkt og offentlege helseaktørar står sterkare i møte med eit stadig meir krevjande legemiddelmarknad.
Startar med antibiotika
Som eit første steg planlegg landa eit felles utval av sjukehusantibiotika. Formålet er å tiltrekkje fleire leverandørar og styrkje tilgangen til viktige antibiotika.
– Tilgangen til legemiddel og effektive antibiotika er ein grunnleggjande føresetnad for eit velfungerande helsevesen. Gjennom nordisk samarbeid kan vi styrkje forsyningstryggleiken og bidra til at livsviktig medisin er tilgjengeleg når det er behov for han, seier Danmarks helseminister Ida Auken til nettstaden for det nordiske samarbeidet.
Fleire svenske regionar blir med
Ambisjonen er at fleire svenske og finske regionar sluttar seg til innkjøpssamarbeidet for å styrkje tilgangen til viktige legemiddel.
Det utvida samarbeidet om legemiddelinnkjøp er eitt av fleire tiltak som skal sikre tilgangen til antibiotika i Norden og samtidig støtte opp under ein ansvarleg bruk av antibiotika.
– Kvar for seg kan ikkje dei nordiske landa påverke marknaden i same omfang som vi kan i fellesskap. Ved å koordinere utvalet vårt skaper vi eit større og meir attraktiv marknad for leverandørane, så forsyninga av antibiotika blir sikra, uttalte Sveriges sosialminister Jakob Forssmed i samband med signeringa.