logo Sykehusinnkjøp

Oppdragsdokument for 2023 klart

Dei regionale helseføretaka har levert sin bestilling til Sjukehusinnkjøp HF for 2023.

Publisert 16.02.2023
En mann og en kvinne som sitter ved et bord

Måndag 13. februar leverte dei regionale helseføretaka det endelege oppdragsdokumentet for 2023 til Sjukehusinnkjøp HF. Dokumentet definerer fokusområde verksemda skal arbeide med gjennom året.

– Me har gitt innspel til oppdragsdokumentet, og er nøgde med at dei har vorte vareteke. Bestillinga me har fått gir oss noko å strekka oss mot. Blant anna har staten innanfor miljø forsterka omsynet til berekraft, og me i Sjukehusinnkjøp HF skal bidra til å nå spesialisthelsetenestas mål om 40 % reduksjon i CO2-ekvivalentar innan 2030​​, seier administrerande direktør i Sjukehusinnkjøp HF Bente Hayes.

Oppdrag for 2023​

Dokumentet gir oppdrag både til dei felleseigde helseføretaka generelt og Sjukehusinnkjøp HF spesielt.

Her er ein kort oversikt over bestillingane som er spesifikke for Sjukehusinnkjøp HF:

  • ​Halde fram utarbeiding av kategoriplanar
  • Halde fram arbeid med modell for vurdering av når anskaffingar bør vera nasjonale, regionale eller lokale
  • Halde fram arbeid for betra leveringstryggleik og synleggjering av gevinst
  • Hjelpe dei regionale helseføretaka med å føra vidare arbeid med å etablere beredskapslager for legemiddel og kritisk materiell
  • Tilfredsstille krava i openheitslova av 1. juli 2022
  • Arbeide med vidareutvikling av Nye metodar
  • Greia ut moglegheit for betre forsyningstryggleik gjennom anskaffingar av legemiddel med forpliktande kjøpsvolum, noko som også kan være aktuelt for fleire andre typar varer​

Nokon oppdrag står att frå 2022​​

I nyleg levert årleg melding for 2022​ peikar Sjukehusinnkjøp HF også sjølv på nokon oppdrag som verksemda skal arbeide videre med i 2023. 

Det står enno att fullføring av samarbeidsavtalar med helseføretaka, de regionale helseføretaka og Norsk Helsenett. Sjukehusinnkjøp HF vil og jobbe vidare med å implementera plattform for innkjøps- og forbruksanalyse, og å samla verksemdas divisjonar på felles IKT-plattform.

Strategi inkludert​

Nytt for oppdragsdokumentet er eit eige punkt som spesifiserer målbilete og strategisk retning for Sjukehusinnkjøp HF.

Administrerande direktør Bente Hayes meiner at det er positivt og viktig at eigaranes målbilete og strategiske utvikling for Sjukehusinnkjøp HF no føreligg, og at dei er godt forankra i styra til dei regionale helseføretaka. Det at målbilete og strategi og blir tatt med i dei regionale utviklingsplanane gjer at dei felleseigde helseføretaka blir tydelegare strategisk integrert i spesialisthelseteneste-fellesskapet.

– Det er ekstra gledeleg at både målbilete og strategisk retning fullt ut samsvarar med Sjukehusinnkjøp HF sin strategi for perioden 2020-2023 (PDF). Det viser med klarleik at strategisk retning og målsettingane som blei vedtatt i 2020 framleis står seg.

Sjukehusinnkjøp HFs strategiske målsettingar er:​

1. Saumlaust og tett samspel med helseføretaka

2. Vidareutvikle kompetanse og gjennomføringsevne

3. Skape målbare resultat

Les heile dokumentet her:
Oppdragsdokument Sjukehusinnkjøp HF 2023 (PDF)​​