Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusinnkjøp

Handlingsplan for samfunnsansvar vedteken av helseregionane

Dei administrerande direktørane for dei fire regionale helseføretaka vedtok sist veke Sjukehusinnkjøps handlingsplan for samfunnsansvar. Handlingsplanen som ligg føre no er den første i sitt slag, og definerer kva område Sjukehusinnkjøp skal prioritere å jobbe med innan samfunnsansvar.

Publisert 19.03.2024
En person som bruker briller

Sjukehusinnkjøp HF har ei plikt til å jamleg utføre overordna aktsemdsvurderingar i samsvar med Åpenhetsloven. Aktsemdsvurderingar skal hjelpe verksemda både til å unngå negativ påverking og skade på menneske, samfunn og miljø, men også rette opp skadar som måtte oppstå.

Sjukehusinnkjøp la i fjor fram vår første utgreiing for aktsemdsvurderingar. Den gjaldt for året 2022, og ei ny utgreiing er på veg for 2023. Aktsemdsvurderingane legg delar av grunnlaget for handlingsplanane våre ved å kartleggje problem i leverandørkjedene våre og foreslå tiltak for dei. Desse tiltaka blir då tekne inn i handlingsplanane våre for samfunnsansvar.

Sjukehusinnkjøp HF er også av dei regionale helseføretaka pålagde å leggje fram handlingsplanar i samsvar med dei nye samarbeidsavtalane mellom helseføretaka og Sjukehusinnkjøp. Dette inkluderer ein plan for samfunnsansvar. Det er denne planen som no er godkjend av helseføretaka. Den vart utvikla i 2023, og styrebehandla i september. Etter fleire rundar i regionane, er den no vedteken på øvste hald.

Sikrar rette prioriteringar

Områda som er valde er dei som har størst behov for tiltak, og der føretaket meiner tiltaka best kan oppnå resultat.

Konstituert avdelingsleiar for samfunnsansvar, Pia Uhre Trulsen, er glad for at planen no er vedteken, og understrekar at den er ein ressurs som kan gjere arbeidet med samfunnsansvar meir føreseieleg både for helseføretaka og for leverandørane.

– Handlingsplanen viser kva prioriteringar vi skal gjere framover. Her er det gjort grundige risikoanalysar, og planane er godt forankra hos helseføretaka for dei prioriteringane som er gjorde. Dette vil styrkje arbeidet vårt med samfunnsansvar, seier Trulsen.

Planlegg leverandøroppfølging

Handlingsplanen beskriv også korleis Sjukehusinnkjøp skal følgje opp leverandørar innanfor samfunnsansvar. I perioden 2023-2025 prioriterer vi

  • dokumentkontrollar for å motarbeide arbeidslivskriminalitet
  • besøk eller revisjonar av fabrikklokasjonar
  • laboratorietesting for å kontrollere om produkt inneheld miljøskadelege stoff

I utarbeidinga av framtidige versjonar av handlingsplanen, vil Sjukehusinnkjøp jobbe saman med det interregionale samarbeidsutvalet for samfunnsansvar. Helseregionane legg sine eigne planar for samfunnsansvar, og Sjukehusinnkjøps plan vil då sjåast i samanheng med deira.

Du kan lesa handlingsplanen her.