Juridisk direktør tilsett

Otto von Ubisch har takka ja til stillinga, og tiltredde 1. november.

Publisert 03.11.2025
Otto Johan Hegnar von Ubisch portrett, svart-hvitt
Otto von Ubisch. Foto: Sjukehusinnkjøp

Vi får med det ein juridisk direktør med lang og brei erfaring med juridisk og strategisk rådgiving til anskaffingsprosjekt og avtaleforvaltning.

– Eg er veldig glad og fornøgd for at vi får ein så erfaren, kompetent og trygg juridisk direktør som ønskjer å vidareutvikle juridisk divisjon til å bli meir effektiv og profesjonell støtte til resten av føretaket og samarbeidspartnarane våre, seier administrerande direktør Bente Hayes.

Otto starta i HINAS 13. oktober 2014 som advokat, men før det hadde han vore dommarfullmektig og konstituert tingrettsdommar. I Sjukehusinnkjøp har Otto vore avdelingsleiar for juridisk avdeling i Vadsø, nestleiar juridisk avdeling og med personalansvar for juristane i Drammen og Oslo.

Det var ni søkjarar til stillinga, fem kandidatar vart valde ut til førstegongsintervju basert på dei oppgitte kvalifikasjonane i stillingsutlysinga. Av dei fem kandidatane vart tre inviterte til andregongsintervju.

– Otto har stor tillit blant kundane og samarbeidspartnarane våre. Etter ei grundig, samla vurdering er min og tilsetjingsutvalets konklusjon at Otto er den best kvalifiserte kandidaten, og vi er svært fornøgde med å kunne rekruttere frå eigne rekkjer, seier Hayes.