Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusinnkjøp

Internasjonalt samarbeid skal understøtte tilgang til nye legemiddel

Sjukehusinnkjøp HF og ei rekke liknande organisasjonar frå Europa og Canada har som mål å samarbeide og dele erfaringar kring forhandlingar om nye legemiddel for å sikre pasientane tilgang.

Publisert 25.11.2022
Sist oppdatert 27.12.2022
Landa står ovanfor mange av dei same utfordringane. Dokumentasjonen for effektiviteten til nye og dyre legemiddel er usikker, og helsebudsjetta er under press også når det gjeld aukande utgifter til legemiddel.
 
Med dette utgangspunktet for dialog, møttest ti organisasjonar frå ni forskjellige land i juni 2022 for ein to-dagars workshop i København.
 
Portrett, Tommy Juhl Nielsen

Tommy Juhl Nielsen, divisjonsdirektør for divisjon legemidler i Sjukehusinnkjøp HF.

– På same måte som andre nasjonale innkjøparar av legemiddel, opplever Sjukehusinnkjøp stort fokus på kostnader til nye, dyre legemiddel hos våre eigarar – dei regionale helseføretaka. Vi ser at dei same utfordringane går igjen i fleire land. Derfor gir det god mening at vi utvekslar erfaringar på tvers av landegrensene, seier divisjonsdirektør for legemiddel i Sjukehusinnkjøp HF, Tommy Juhl Nielsen.
 
Fokus på workshopen var å identifisere utfordringane som innkjøpsorganisasjonar står ovanfor, særleg når vi forhandlar om nye og dyre legemiddel. Deltakarane diskuterte måtar å dele erfaringar med kvarandre om forhandlingar med leverandørar – naturlegvis med full respekt for avtaler og regelverk.
 
– Vi har allereie god erfaring med vårt samarbeid i de nordiske landa. Men vi er ikkje i tvil om at det er store fordelar ved å utvide dette samarbeidet til andre land. Organisasjonane vart einige om at dei framover vil fokusere på kordan handtere utilstrekkeleg data om effekten av nye, dyre legemiddel, slik at vi kan sikre stabil og effektiv tilgang, seier Juhl Nielsen.
 
Workshopen har i ettertid resultert i at organisasjonane har utarbeidd eit felles utsegn der man slår fast at vi vil fortsette, og utvide samarbeidet.