Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
logo Sykehusinnkjøp

Satsar på digital heimeoppfølging

Ny avtale på digitale hjelpemiddel kan skapa betre pasienttilbod og berekraft.

Publisert 22.02.2023
Sist oppdatert 14.12.2023
En kvinne og en mann som sitter sammen

Helse sør-aust omtalte 6. februar​ ein ny rammeavtale på digitale løysingar for oppfølging av pasientar i eigen heim.

Seks leverandørar på avtale​

Sjukehusinnkjøp HF gjennomførte konkurransen på vegner av helseregionen, og anskaffinga vart gjennomført med prosedyren konkurranseprega dialog. 17 leverandørar søkte om å delta i konkurransen, og etter dialogfasen vart det motteke 8 tilbod der 6 tilbod vart tildelte avtale. Dette var leverandørane Checkware, Diffia, Dignio, Tellu, Youwell og Siemens Healthineers.

Leverandørane tilbyr samla eit breitt spekter av løysingar som mellom anna utsending og innsamling av skjema, hausting av målingar gjorde heime, digital eigenbehandlingsplan, rettleidd internettbehandling og samval.

I avtaletida vil leverandørane delta i minikonkurransar om levering av slike tenester der det er behov for dei.

Betre og meir effe​ktivt pasienttilbod

Mange pasientar med kroniske sjukdommar som KOLS, diabetes, kreft og psykiske lidingar har allereie i dag tilbod om digital heimeoppfølging. Løysingane som blir brukte gjer at dei kan ha dialog med behandlarane sine og få oppfølging utan å måtta reisa til sjukehuset. Det frigjer personellressursar på sjukehusa som kan brukast til betre pasientbehandling i andre delar av sjukehusdrifta. Slik kan dei digitale hjelpemidla bidra til større berekraft for helsevesenet i framtida.

I dag er det meir enn 70 ulike prosjekt på dette området innanfor Helse sør-aust, og erfaringane viser i tillegg at pasienttilbodet blir både betre og meir effektivt (helsedirektoratet.no)​.

Legg til rett​​e for nye løysingar

Den nye rammeavtalen vil gjera det enklare å nytta digitale hjelpemiddel i framtida.

– Me er veldig fornøgde med å ha fått på plass denne rammeavtalen. Den skal gjera det enklare, raskare og rimelegare for sjukehusa å ta i bruk nye digitale løysingar som både kan letta tilsettes arbeidskvardag og styrkja pasientbehandlinga, seier Rune Simensen, direktør for teknologi og e-helse i Helse sør-aust RHF.

Kan utvidast

Avtalen er eit resultat av samarbeid med resten av helseregionane i landet, og desse har opsjon på å nytta avtalen. Den strekkjer seg over to år, med moglegheit for utviding i to år til.

– Avtalen er viktig også for å få ei meir effektiv regional drift og forvaltning av løysingane knytt til digital heimeoppfølging. Den legg til rette for at nye løysingar møter regionale tryggingskrav og blir integrert med regionale kjerneløysingar, som til dømes DIPS, på ein god måte. I kombinasjon med den kommande prosess- og oppgåveplattforma aukar dette endringsevna vår, seier Simensen.​