logo Sykehusinnkjøp

Sjukehusinnkjøps arbeid framheva i ny studie

EU-kommisjonen har lagt fram ein ny studie om beste praksis innan offentlege anskaffingar av legemiddel. Sjukehusinnkjøp  opptrer på dei fleste punkt i tråd med døma studien identifiserer som beste praksis.

Publisert 07.02.2023
Sist oppdatert 14.12.2023

Studien omfattar offentlege anskaffingar av legemiddel i 32 europeiske land og analyse av innkjøp av legemiddel i desse landa.

Erik Sagdahl, konstituert avdelingsleder i Sykehusinnkjøp. Portrett.

Konstituert avdelingsleiar Erik Sagdahl i Sjukehusinnkjøp ser at me i Noreg har komme langt i å tilpassa innkjøp av legemiddel til marknads- og konkurransesituasjonen.

Sjukehusinnkjøp har bidrege med kunnskap om anskaffingar og anbodsprosedyrar til studien. I den endelege studien blir våre anbodsprosedyrar framheva som gode døme. Studien viser også at Noreg følgjer dei fleste døma på beste praksis når me kjøper medisinar til sjukehusa våre. Dette gjeld til dømes ei differensiert tilnærming til innkjøp, bruk av miljøkriterium og ikkje minst tett dialog med leverandørmarknaden i forkant av anskaffingane.

Studien vart lagd fram under eit webinar 7. februar. Sjukehusinnkjøp deltok på framlegginga ved konstituert leiar for avdeling anskaffingar i divisjon legemiddel Erik Sagdahl. Han var invitert til å gi ein ekspertkommentar om refleksjonane sine om funna i rapporten.

Sagdahl framheva verdien av internasjonalt samarbeid:

– I Noreg har me komme langt i å tilpassa innkjøp av legemiddel til den konkrete marknads- og konkurransesituasjonen. Europeisk samarbeid har vore ein viktig suksessfaktor for å oppnå dette. Erfaringsutveksling mellom dei europeiske landa er svært viktig fordi me gong på gong opplever å stå ovanfor tilsvarande utfordringar. Legemiddelmarknaden er i konstant endring og me må heile tida finna gode løysingar for innkjøp av legemiddel. Ved å læra av kvarandre kan me raskare finna fram til desse løysingane, seier Sagdahl.