Årleg melding 2022 levert
Sjukehusinnkjøp har levert den årlege rapporteringa på oppdragsdokumentet til dei fire regionale helseføretaka.
Årleg melding 2022 er eit svar på Oppdragsdokument 2022, som samanstilte dei regionale helseføretakas bestilling til Sjukehusinnkjøp for fjoråret.
Dokumentet er delt inn i tre kapittel. Første kapittel beskriv mellom anna føretakets oppgåver, organisering, visjon, verksemdsidé, verdigrunnlag og mål for 2022. Andre kapittel beskriv positive resultat, uløyste utfordringar og evaluering av egen verksemd og organisering. Siste kapittel omhandlar rapporteringar.
– Årleg melding er eit viktig dokument som synleggjer og understrekar både breidda og det høge aktivitetsnivået vi har i Sjukehusinnkjøp. Eg er glad for at Sjukehusinnkjøp sitt styre har uttrykt at dei er nøgd med innhaldet, seier administrerande direktør Bente Hayes.
Årlig melding 2022 Sykehusinnkjøp HF (PDF) (bokmål)
Mål for Sjukehusinnkjøp i 2022
For å støtta helseføretaka i å oppnå auka gevinstar, har Sjukehusinnkjøp i strategien sin for 2020-2023 definert tre strategiske målsettingar. Desse er:

Administrerande direktør i Sjukehusinnkjøp, Bente Hayes.
- Saumlaust og tett samspel med helseføretaka
- Vidareutvikling av kompetansen og gjennomføringsevna til organisasjonen innan offentlege anskaffingar
- Innkjøpsarbeid som skaper resultat
Når det gjeld den første målsettinga, er det særleg tre større utviklingsprosjekt som har hatt fokus gjennom 2022 med tanke på å oppnå denne. Desse prosjekta har vore:
- Styringsmodell for fleirregionale og nasjonale anskaffingar
- Kriterium for fastsetting av anskaffingsnivå (lokalt, regionalt og nasjonalt)
- Ny samarbeidsavtale med helseføretaka
Med omsyn til den andre målsettinga, har oppstart av kategoriprogrammet vore eit viktig mål. Gjennom kategoriprogrammet skal det utarbeidast nasjonale kategoriplanar for spesialisthelsetenesta. I løpet av 2021 blei det gjennomført eit forprosjekt for programmet, og 1. april 2022 gjekk startskotet for planarbeidet med to pilotkategoriar: medisinske forbruksvarer (MFV) og HR. Oppstarten var i utgangspunktet planlagt å skje 1. februar 2022, men den blei utsett to månader på grunn av koronapandemien.
Arbeidet med kategoriplanane skjer i tett dialog med de regionale helseføretaka, som har representantar inn i programstyret til kategoriprogrammet.
Når den gjeld den tredje målsettinga - innkjøpsarbeid som skaper resultat - har det i 2022 vore eit mål å vidareutvikle kjerneprosessane for avtaleforvaltning og gevinstmetodikk i Sjukehusinnkjøp. Dette fordi gevinstane av innkjøpsarbeidet blir realisert gjennom implementering av avtalene i helseføretaka og god avtaleforvaltning i Sjukehusinnkjøp.
Utover dette har det vore eit mål å vidareutvikla Sjukehusinnkjøp som ein prosessbasert verksemd.
Positive resultat
Dei positive resultata som blir trekte fram i den årlege meldinga, er delt inn i følgande tema:
- Leveranseplan av anskaffingar
- Gevinstpotensial
- Samfunnsansvar
- Kategoriprogram
- Styringsmodell for fleirregionale- og nasjonale anskaffingar
- Kriterium for fastsetting av anskaffingsnivå
- Dialogmøte med RHF-ane
- Styringssystem, felles prosessar og malar
- Vidareutvikling av verksemdsrapporteringa
- Medarbeidarskap, leiing og kompetanse
- Bistand og samarbeid med felleseigde føretak
- Forsvarets logisitikkorganisasjon
Uløyste utfordringar
Dei uløyste utfordringane er delt inn i følgande tema:
- Samarbeidsavtalar
- Samarbeidsavtale Norsk helsenett
- Innkjøpsdata/analyse
- Felles IKT-plattform